Filmkveld i Kristiansand Frikirke

Søndag 6. mai blir det filmkveld i Kristiansand Frikirke, der Morten Marius Larsen fra Damaris Norge deltar. Det er Andreasprisvinneren Om guder og mennesker som står på plakaten. Alf Kjetil Walgermo, leder av juryen for Andreasprisen, gav følgende begrunnelse:

Filmen utforskar religiøs, politisk og humanistisk overbevising på eit fascinerande og tankemedrivande vis. Regissøren spekulerer aldri i det dramatiske emnet, men byggjer filmen opp i tråd med miljøet han skildrar. Han er med andre ord meditativ, utan å bli kjedeleg.

Filmen har både godt skodespel, framragande fotografering og effektiv bruk av musikk. Om guder og mennesker krinsar rundt det store spørsmålet om kva vi som menneske er meint å vere. Kva er eit livskall? Kva er vi villige til å ofre?

Filmen går i store dialogar – mellom menneske, og mellom religionane. Likevel mister han aldri det nære av syne. Om guder og mennesker er eit sterkt og underspelt drama som set indre avtrykk.

 

Samtaleguide til filmen finnes her.