Fjernsynsserien ”Det gode liv” trakk mange sjåarar då serien rulla over skjermane, og magasinet med det same namnet har stor appell. Sjølvsagt, for kven er ikkje oppteken av forteljingar om ’det gode livet’?
Dette veit då òg medie- og reklamebransjen å utnytte til fulle. Mange av bodskapane som ligg under overflata i mediemylderet, er nemleg knytta til forteljingar om nettopp ’det gode livet’. Ingen bodskapar er nøytrale, men ber med seg ulike verdiar og perspektiv, ikkje minst på kva som er sant og godt, kva eit menneske er og korleis røyndommen er. Naturlegvis gir då media òg ei rekkje impulsar til kva ’det gode livet’ bør bestå av! Impulsar som vert formidla gjennom forteljingar i ulike format og sjangrar, og som oftast treff oss på det ubevisste planet.
Aktuell reklame gir for eksempel inntrykk av at ”Glade mai” slett ikkje gir mykje glede dersom du ikkje vert kvitt appelsinhuda. Kroppsfettet bør òg reduserast snarast råd, i alle fall ”for deg som ikke orker å holde pusten i sommer”! Eksempla på kroppsfiksering er endelause og den underliggjande bodskapen tydeleg; I ’det gode livet’ bør kroppen vere forma i reklamen sitt bilete!
Når me samstundes les den eine meir nedslåande artikkelen etter den andre om slankepresset som mange unge bokstaveleg tala kjenner på kroppen, bør ingen vere i tvil om at det er ein viss samanheng. Reklameforteljinga forankrar identitet og sjølvbilete i image og utsjånad. Skulle det eigentleg undre oss då at einskilde velgjer å bruke konfirmasjonspengar på kosmetiske operasjonar? Den velforma kroppen kan jo kjøpast, som så mykje anna i ’det gode livet’. Og kjøp med godt samvit; ”fordi du fortener det”!
Ja, elsk deg sjølv framfor alt anna! Gjer, ver og velg som du vil, tilfredsstill behova dine når – og slik – du vil, søk dei opplevingane du vil, nyt livet og unngå smerte for einkvar pris.
Forteljingane er mange og varierte, men impulsane til mediemyta om ’det gode livet’ kan likevel samanfattast i perspektiv som individualisme, naturalisme, hedonisme, relativisme og praktisk materialisme. Utfordringa ligg imidlertid ikkje berre i å avsløre denne mediemyta, men òg i å oppdage det ekte, gode livet.
Margunn Serigstad Dahle er høgskolelektor ved Mediehøgskolen Gimlekollen