Damaris logo Admin  
Damaris logo Kulturvinduet

Nytt i Kulturvinduet
The Karate Kid
- en artikkel av Holly Price om nyinnspillingen av filmklassikeren fra 1984
06.09.2010
The Brothel
- en studieguide av Anne Solfrid Brennhovd til Susanne Sundførs kritikerroste plate
31.08.2010
Avatar
- en studieguide av Sophie Lister som ser på spørsmål som om det er noe mer ved denne filmen enn banebrytende 3D-teknologi
23.08.2010
Toy Story 3
- en studieguide av Sophie Lister til den tredje filmen i serien om Andys leker. Spørsmålene er utformet for å passe grupper for barn.
16.08.2010
Inception
- en artikkel av Sophie Lister om filmen som solgte billetter for 60 millioner dollar i åpningshelgen
09.08.2010
The Twilight Saga - Eclipse
- en diskusjonsguide av Holly Price
02.08.2010
Remember Me
- Carol Pollards Movie Moments er laget spesielt - men ikke eksklusivt - for kvinner. Denne videoen gir innspill til samtale og refleksjon om sentrale tema i filmen Remember Me
02.08.2010

Framfor alt – sjå meg!

Av Halldis Bjerkvik Volle


Tv-serien Gossip Girl inneheld vakre ungdommar, sladder, motekle og kompliserte relasjonar. Med andre ord – ikkje ulikt livet til mange norske ungdommar. Felles for dei rike ungdommane i New York og livet til unge i Norge er behovet for å bli sett. Tv-serien har også direkte innverknad på den norske skulekvardagen – blant anna i form av sladresider på internett.

Gossip Girl – og norsk sladder
I tv-serien Gossip Girl er det ein anonym person som sladrar om alt som skjer mellom ungdommane via SMS og ei nettside. Ingenting er for privat til å bli publisert. På den norske nettsida: «Gossip Girl – din kilde til det skandaløse livet blant elevene på Lambertseter» vart det, etter inspirasjon frå Gossip Girl, spreia rykte om elevar som hadde sex med kvarandre. Personen som sto bak nettsida vart meldt til politiet – og sida er no fjerna. Noko liknande skjedde også på Os Gymnas. På Facebook-gruppa «Sladdergut» sto det namn på elevar som hadde hatt sex i bomberommet på skulen. Desse rykta stemte ikkje – og elevane som vart ramma sa ifrå til rektor som fekk innhaldet fjerna.

Rike – men fattige
Sidan januar i fjor har serien Gossip Girl gått på TVNorge. I veke 6 viste sjåartala at serien lokkar 160.000 menneske i Norge til skjermen. Serien handlar om rike ungdommar som bur i eitt av dei dyraste områda i New York – Upper East Side. Ungdommane går på privatskule og manglar ikkje pengar til motekle – eller andre ting dei vil ha. Det dei manglar er gode relasjonar. Venar blir fiendar, kjærestar blir ekskjærestar og familieforholda er unntaksvis gode.

Fantasi – men nær fakta
New York Times spurte ei gruppe ungdommar frå Upper East Side kor godt serien stemmer overeins med det verkelege livet. Ungdommane svarte at noko i serien var urealistisk, men at serien elles likna mykje på det «vanlege» livet til rike ungdommar i New York.  

Ikkje berre reflekterer media verkelegheita, dei formar også vår forståing av den. Medievitaren Jostein Gripsrud uttalar følgjande om media: «De er helt sentrale kilder for informasjon, reflektert kunnskap og opplevelser, de er fora for offentlig meningsutveksling og meningsdannelse – og de serverer oss daglig framstillinger av virkelige og fiktive forhold som har verdimessige forestillinger innebygd på ulike måter, uten at vi nødvendigvis legger merke til dem. Derfor er det også klart at en kan si at mediene i alle disse funksjonene påvirker hvordan samfunnet og menneskene utvikler seg og forstår seg selv – så lenge en poengterer at det dreier seg om komplekse prosesser.»

Det ytre – og menneskesynet
I Gossip Girl blir ungdommane i stor grad målt etter utsjånad og sosial status. Kle er enormt viktig – noko vi kjenner igjen frå norsk ungdomskultur. Det ytre blir sterkt vektlagt, og mange norske ungdommar strevar med å sjå bra ut. Ei jente i 10.klasse sa: «Det er viktig å se bra ut og å ha bra kropp og sånn. Har du ikke det, så får du ikke venner. Da blir du sett ned på, og da går det ikke bra.» Dette sitatet, på same måte som den underliggande bodskapen i Gossip Girl, røper eit naturalistisk syn på mennesket. Det ytre er avgjerande viktig, samtidig som valg oftast vert tekne på grunnlag av kva som kjennes naturleg der og då.

Sladra om – heller enn oversett
Det verkar som ungdommane i tv-serien har eit elsk-hat-forhold til SMS-ane til den anonyme personen «gossip girl». Ingen stiller spørsmål ved sladringa. Dei synest å meine at det er betre å bli sladra om, enn å ikkje bli lagt merke til. Då er du jo ingenting. Denne haldninga har eg også møtt på blant ungdommar i Norge. Under eit medieseminar i regi av Familie & Medier var eg innom temaet seksuell trakassering. Eg prøvde å oppfordre jentene til å seie ifrå og vere tydelege på eigne grenser. Ei 14 år gamal jente svarte: «Men det er jo verre å ikke bli klådd på, da er du ikke populær.»



Sett – av Gud sjølv

Desse haldningane og verdiane utfordrar. Samtidig strekar dei under det grunnleggande behovet vi menneske har for å bli sett. Frå eit kristent perspektiv veit vi grunnen; Gud såg oss allereie då vi var eit foster – og Han ser på oss med sitt heilage, kjærleiksfulle blikk. Men når Guds blikk ikkje vert møtt frå mennesket si side, søker det andre stader for å bli sett. Det ytre – utsjånaden – er eit spesielt aktuelt blikkfang i vår tid, både i tv-serien Gossip Girl og blant ungdomar flest. Utfordringa vår er å hjelpe unge til å feste blikket på Gud – som verkeleg ser den unike verdien og møter mennesket med tilgjeving og oppreisning. 

Halldis Bjerkvik Volle
© Halldis Bjerkvik Volle / Damaris Norge

Denne artikkelen ble først publisert i Kulturblikket i DagenMagazinet, 6.4.2009.


(14.04.2009)

Relaterte artikler/studieguider  
Sekulære lekpredikantar Kommentar 09.06.2009
Lykkens gåte Kommentar 19.05.2009
Ordets makt Kommentar 21.04.2009
Dobbel lytting – med respekt for tekstene Kommentar 25.03.2009
Norsk film til ettertanke Kommentar 24.02.2009
Perfekte hjem Kommentar 12.02.2009
Presidenten og populærkulturen Kommentar 27.01.2009
Såpe, samtidsånd og seksualitet Kommentar 24.04.2008
Moralske medietall Kommentar 15.06.2006
Hvilke mediebriller er dine? Kommentar 09.09.2005
Medier og livssyn - hvilke aktuelle budskap møter vi? Kommentar 12.04.2005