”Såpeopera er først ute med å prøve ut nye normer”, seier filmvitar Anne Marit Myrstad, og strekar under at dette ikkje minst gjeld på det seksuelle området. ”… såpe, det er bare kos, det er trygt, velkjent og avslappende”, seier journalist Ingrid Brekke.
Så ligg utfordringa i at det er noko rett i begge påstandane! Me gjer difor vêl i å ta eit kritisk blikk både på såpeopera som fenomen og på dei mest populære seriane. Kva samlivsnormer vert formidla - og kvifor kan såpa opplevast som ”bare kos”?
Såpeoperaen er den einaste forteljingsforma som er utvikla spesielt for fjernsyn. Omgrepet er imidlertid frå 1930-talet, då ein i USA sende radiodrama sponsa av ml.a. såpeprodusentar.
Ved koplinga til opera, står sjangeren fram både som ironisk kontrast til den ”finkulturelle” kunstforma og som vidareføring av det klassiske melodramaet. Såpeoperaen er prinsipielt uavslutta og gir kjensle av ”verkeleg tid”. Den heimslege følelsen vert forsterka ved at såpa møter oss nettopp i heimen.
Såpene sin popularitet ligg likevel mest i opplevinga av å møte ein iscenesett røyndom, anten settinga er nabolag, arbeidsplass, vennegjeng eller familie. Kvardagen på skjermen kan imidlertid vere fjern frå eins eigen, for fascinasjonen og gjenkjenninga ligg mest i fokuset på personlege, nære relasjonar, konfliktar og valgsituasjonar. Nettopp dette, kopla med opplevinga av distanse, gjer at mange opplever tysdagskvelden sitt møte med såpeuniverset Frustrerte Fruer som eit kjærkome pusterom frå eige liv.
Spørsmålet er då kva som skjer i sjåaren sitt møte med det moderne melodramaet. For som i si opprinnelege 1800-tals-form, opererer òg såpeoperaen på grensa av allment godtekne moralnormer. Stoff til intense indre konfliktar basert på tabuer ligg nå, som då, på seksualiteten sitt område. ”Det nye kan føles ubehagelig, og det skal ikke være for mye av det,” uttalar Myrstad.
Spegel og motor er begge illustrerande for såpa sin relasjon til samtidsånda. Kva då med tilhøvet mellom populære såper og aktuell debatt om seksuell identitet og kjønnsnøytralt ekteskap? Samkjønna forhold og uttesting av bifil legning er stendig vanlegare, både i tenårings- og familiesåper. Hotell Cæsar er ikkje noko unntak… Endringa frå møtet med homofile Steven i Dynastiet på 80-talet og Ellen frå siste halvdel av 90-talet - der både rollefiguren og skodespelaren Ellen ”kom ut” – er oppsiktsvekkjande. I mi eiga forsking på tenåringssåpa Dawson’s Creek fann eg då òg at manusforfattaren stod fram som homofil samstundes med rollefiguren Jack. Tankevekkjande er det òg at fansen av As The World Turns, som har vore på amerikanske skjermar sidan 1956, krev at det homofile paret skal få boltre seg meir.
Samtidsånda synest å vere prega av å ha kjærleik som følelse som styrande prinsipp.
Den berande norma på det seksuelle området synest å vere relativistisk, prega av ”har du lyst, har du lov”. Linja til såpeuniversa er tydeleg. Kan me då berre ”kose oss” i nabolaget Wisteria Lane neste tysdagskveld?
Denne er artikkelen var først publisert i Dagen Magazinet som Kulturnotat 08.04.2008