- Å vere lukkeleg er målet for livet, - Venner og familie er viktigast, - Religiøs lengsel er fråverande, - Sanninga er personleg og pragmatisk…
Er dette funn henta frå spørjeundersøkinga Ung tro og hverdag ’06? Faktisk ikkje, men likevel nærast identiske. Dei ulike aspekta som prosjektleiar Morten Holmquist peika på i føredraget sitt
på Kyrkjemøtet 14.11 (jfr. Dagen 15.11), er nemleg slett ikkje overraskande. Derimot samsvarar dei i svært sterk grad med nyare ungdomsforsking elles i fleire vestlege land.
Momenta ovanfor er henta frå boka Making sense of Generation Y: The world view of 1 5-25-year-olds (2006), som primært byggjer på undersøkingar blant såkalla mainstream ungdom i England, men med referansar òg til USA. Kjerna i desse ungdommane sitt livssyn vert omtala som “The Happy Midi-narrative”. Hovudsaka i livet er nettopp det å vere lukkeleg her og nå, og slik opplever då òg dei fleste ungdommane livet. Dei synest ikkje å ha behov for ei stor forteljing med eit mål der framme. Ingen religiøs lengsel er å spore, - dei lever eit meiningsfullt kvardagsliv. Livssynet er imidlertid ikkje ei individualistisk ’mini-forteljing’. Viktige premiss for lukka ligg nemleg i venne- og familiefellesskapet. Difor nemninga ’midi-forteljing’. Sjølve grunnlaget for eit lukkeleg liv, ligg så i kombinasjonen av å vise respekt for andre og å våge å vere seg sjølv. Spørsmålet om sanning vert dermed noko personleg og pragmatisk, ikkje objektivt eller absolutt.
Den australske rapporten The Spirit of Generation Y: Young People, Spirituality and Society, som vart publisert i forrige månad, peikar på mange av dei same momenta. Trass i manglande religiøsitet, gir ungdommane uttrykk for å oppleve sterk grad av meining og lukke i livet. Fellesskapet med venner og familie betyr mest, og forskarane peikar på at desse relasjonane synest å kompensere for den svekka posisjonen religion og lokalmiljø har fått i samfunnet.
Rapporten dreg då òg slutninga at ungdom i særleg grad er prega av rådande samfunnstrendar som sekularisering, postmoderne relativisme, konsum og individualisme. Dette gir seg ikkje minst utslag i høve til moral og livssyn. Den einskilde kan gjere og meine kva ein vil på alle område, berre ein ikkje skadar andre. Vidare syner undersøkinga at Generasjon Y ser religiøs tru og praksis som eine og aleine personleg valg, - på linje med alle andre livsstilsvalg.
Samanfallet mellom resultata me så langt har fått tilgang til frå den norske undersøkinga (som vil verte publisert i januar 2007) og desse to eksempla frå nyare internasjonal ungdomsforsking, gjer ikkje dei norske funna mindre interessante. Snarare tvert imot, av di dei indirekte peikar på det globale aspektet ved aktuell norsk ungdomskultur, og dermed òg på den rolla samtidskulturen generelt - og populærkulturen spesielt - synest å spele i forhold til ungdommar si livssynsdanning. Den engelske undersøkinga inkluderer då òg relasjonen til populærkulturen, og omtalar den som konteksten der ungdommane ”lever og rører seg og er til”.
Aktuell ungdomsforsking, både nasjonalt og internasjonalt, utfordrar altså til eit større fokus på samtidsanalyse for betre å forstå kva som er med på å forme mange ungdommar sitt syn på livet, og dermed kunne møte dei ”der dei er” i formidlinga av kristen tru. Ikkje minst gjeld dette populærkulturen si sentrale rolle som premissleverandør for mange ungdommar si livssynsdanning.
Så er ikkje dette plassen for å dele meir frå dei to nemnde undersøkingane. Det er imidlertid mykje å hente her for kristne formidlarar i møte med norsk ungdom. Ungdommar som er ein del av den globale, vestlege ungdomskulturen, Generasjon Y. Det er grunn til å sjå fram til lanseringa av Ung tro og hverdag ’06, og det skulle vere grunn til å forvente eit internasjonalt perspektiv i undersøkinga.
Publisert i avisa Dagen 20.11.2006