Damaris logo Admin  
Damaris logo Kulturvinduet

Nytt i Kulturvinduet
The Karate Kid
- en artikkel av Holly Price om nyinnspillingen av filmklassikeren fra 1984
06.09.2010
The Brothel
- en studieguide av Anne Solfrid Brennhovd til Susanne Sundførs kritikerroste plate
31.08.2010
Avatar
- en studieguide av Sophie Lister som ser på spørsmål som om det er noe mer ved denne filmen enn banebrytende 3D-teknologi
23.08.2010
Toy Story 3
- en studieguide av Sophie Lister til den tredje filmen i serien om Andys leker. Spørsmålene er utformet for å passe grupper for barn.
16.08.2010
Inception
- en artikkel av Sophie Lister om filmen som solgte billetter for 60 millioner dollar i åpningshelgen
09.08.2010
The Twilight Saga - Eclipse
- en diskusjonsguide av Holly Price
02.08.2010
Remember Me
- Carol Pollards Movie Moments er laget spesielt - men ikke eksklusivt - for kvinner. Denne videoen gir innspill til samtale og refleksjon om sentrale tema i filmen Remember Me
02.08.2010

Berre ein blogg?

Av Margunn Serigstad Dahle







Talet på bloggarar eksploderte i 2009, og ved årsskiftet var over 450 000 registrerte på blogg.no. Stendig fleire har altså sin eigen ”vevlogg” (”weblog”) og deler likt og ulikt med både kjende og ukjende. Her kan vi kome tett på sider av livet til politikarar og popartistar, direktørar og misjonærar, tenåringar og pensjonistar. Vi kan fordjupe oss i temabaserte bloggar om alt frå mat til jus, følgje reine dagbøker eller bloggar om eige yrke. Oftast finn vi mange peikarar til ulike stader på verdsveven, særleg til andre bloggar. Sist, men ikkje  minst, kan vi sjølv ta aktivt del i meiningsutvekslinga på bloggen.

Nettopp interaktivitet og deltaking er vesentlege kjenneteikn ved dei såkalla sosiale media. Saman med nettverk som Facebook og Twitter, er bloggen sentral i ei medieverd prega av desentralisering og demokratisering. Her får grupper som ikkje før kom til orde, ein stemme i debatten. Viktige tema vert diskuterte og verdfulle synspunkt kjem fram frå lek og lærd. Nye fellesskap vert danna, på tvers av mange slags grenser. Midt i dette skjer det ei fragmentering av mediesituasjonen. Subkulturar vert styrka mens felles arenaer vert svekka. Samstundes får bloggen innverknad på stendig nye område i samfunnet.

Eit tydeleg eksempel på dette er bloggaren Voe. 14-åringen Emilie, som ho eigentleg heiter, er den mest populære bloggaren i Norge. Ho deler det meste frå kvardagslege hendingar til draumar for framtida, frå tips om utsjånad til tankar om eksistensielle spørsmål. Med ca 70 000 unike brukarar dagleg har bloggen hennar fleire lesarar enn mange region- og nettaviser, noko som illustrerer viktige endringar i mediebiletet. Alderen hennar symboliserer kven som fører an i møtet med den nye teknologien.

Vidare er det ikkje overraskande at ho er jente, då fleirtalet av bloggarar er kvinner. Eit interessant aspekt er det òg at for første gong i historia har tenåringsjenter fått ”ei av sine eigne” – ikkje kjendisar frå populærkulturen - som idol. Dette siste er det då òg mange som vil tene pengar på. ”Jeg skriver bare om ting jeg liker, uavhengig av om jeg har fått tilsendt produktet eller ikke. Meningene mine er ikke til salgs!”, uttalar Voe. Uansett gir hennar og andre ungdomsbloggar nye perspektiv på marknadsføring og reklame.

Voe er utvilsamt ein ettertrakta trendsetjar som mange ynskjer ein flik av. Andre vil gjerne lære av Voe. Neste veke er ho invitert til høgskolen i Lillehammer for å undervise næringslivsleiarar og byråkratar om kommunikasjon via sosiale media, som del av seminaret «Hvordan sosiale medier påvirker vår kommunikasjon, og hva ulike aktører kan gjøre for å lykkes i den nye mediehverdagen».
Temaområdet bør engasjere einkvar som er oppteken av kommunikasjon, verdiar og menneskesyn, anten det er i heim, skule, samfunn eller kyrkje. Kva gjer all blogginga med kommunikasjonen vår? Med tenkinga? Med grensa mellom personleg og privat? Med synet på identitet? Spørsmåla er mange, for bloggen er ikkje ”berre ein blogg”…

Margunn Serigstad Dahle er høgskolelektor ved Mediehøgskolen Gimlekollen.
Kommentaren har stått på trykk i som Kulturnotat i avisen DagenMagazinet 11.01.10


(13.01.2010)

Relaterte artikler/studieguider  
Fan og fandom i fotball og film TV/Kino 24.06.2010
Trendy taxfree Kommentar 19.04.2010
”Engler daler ned i skjul” Kommentar 30.11.2009
Reality og røyndom Kommentar 22.10.2009