
”Jeg er utrolig stolt over at jeg har spilt en rolle som kan ha hjulpet til med å åpne folks sinn og hjerte for å få en afroamerikansk president”, uttalar ”24”-stjerna Dennis Haysbert.
Som rollefiguren David Palmer i denne populære serien som har sesongpremiere (7. sesong) på TV2 i kveld, introduserte han i 2001 noko så uvanleg som ein sterk, svart amerikansk president på tv-skjermane i USA. Åtte år seinare fylgjer ei heil verd den historiske hendinga når Barack Obama vert teken i eid. Fiksjon før fakta, altså…
”Barack Obama gjorde det selv, men David Palmer gjorde det kanskje lettere for ham,” legg Haysbert til, og får støtte av mange. Reklameeksperten Paal Tarjei Aasheim ser grunn til å hevde at tanken om ein svart president ikkje hadde vore mogleg utan at populærkulturen fyrst hadde gjort dette verkeleg for folk: ”Ideen om en svart president er blitt presentert som virkelighet uke etter uke med veldig høye seertall”.
Så har då heller ikkje ”24” vore aleine om å lansere ein farga amerikansk president. I den kjende dramaserien ”Presidenten” (NRK) vann latinamerikanaren Matt Santos presidentvalet i siste sesongen (2006 i USA), og likskapen mellom handlinga her og den siste amerikanske valkampen er slåande. Ein artikkel i Times peikar på ei mengde parallellar til Obama, i alt frå at Santos er ein farga demokrat i 40-åra, med to born, til at han lanserer kandidaturet med orda “I am here to tell you that hope is real”, for så å leggje til “In a life of trial, in a world of challenges, hope is real.”
Tilfeldig likskap? Lang ifrå. Manusforfattar Eli Atti brukte nemleg Obama som modell. På det tidspunktet var Obama mest kjend for den svært engasjerte talen han haldt på demokratane sitt valmøte i 2004. Atti, som i si tid var taleskribent for visepresident Al Gore, kontakta Obama-staben og fekk nyttige samtalar om deira strategi. Resultatet kjenner me; fiksjon før fakta!
Både ”24” og ”Presidenten” er aktuelle illustrasjonar på at media ikkje berre speglar, men til ei viss grad òg formar samtidskulturen, ikkje minst når det gjeld meiningar og haldningar. Film og tv-seriar står då òg i ei særstilling med omsyn til å konfrontere publikum med nye måtar å oppfatte tradisjonelle verdiar på, gi uvande perspektiv på ulike samfunnsgrupper, o.s.v. Di oftare ein møter same bodskapen, om enn i ulik form, di sterkare er sjølvsagt påverknaden. Desse to dramaseriane må då òg sjåast i samanheng med den aukande viljen som amerikansk film- og tv-industri har synt til å setje svarte rollefigurar i ulike maktposisjonar. Og vidare: parallelt med denne endringa i populærkulturen, er talet på ikkje-kvite borgarar i USA jamt stigande.
”24” og ”Presidenten” er altså både trendsetjande og tidstypiske og viser ei ny side ved media si makt i amerikansk valkamp. Med valet av Obama har fiksjonen positivt vore med å endre haldningar i verkelegheita. Ei viktig påminning om at populærkulturen ikkje er nøytral! Utfordringa er kven som får skrive manus, og korleis me møter det…
Margunn Serigstad Dahle Mediehøgskolen Gimlekollen/Damaris Norge
Denne kommentaren stod på trykk i DagenMagazinet mandag 26.januar under "Kulturnotatet".